pakke i posten og svensk krim
mandag 16. mars 2009Eg vel å skrive dette innlegget på nynorsk, om nokon har eit problem med det, får dei berre ha det så godt.
Eg kom nettopp heim frå å ha vore på kino. Eg, Adam og mora til Adam tok turen til Nova, for å sjå ‘Menn som hater kvinner’. Ganske rå svensk krim dette. Men anbefalast.
For ikkje lenge sidan fekk eg ein pakke i posten. Ein trøndersk postmann kom på døra med ‘en pakke fra Jaaaapaan’.
Og det her låg inni:

To kigurumiar. For dei som ikkje veit kva ein kigurumi er google it, eller sjå bilda. Eg kjøpte desse frå EUROGAL, og denne sida anbefalast. Manageren er hyggeleg, frakta er veldig god, og prisane er ikkje gale. Men noko av det beste for meg er at du kan velje mellom fleece og bomull, så det neste eg skal ha; ein kigurumi i bomull, til sommaren.
Her kjem nokre bilde av min egen kigurumi på meg sjølv. Enjoy, or not!


Med solpass på bordet som eg vann i ein konkurranse Monica holdt.

Adam fikk låne kigurumien min, og han ville være en skummel Pikachu:

Og no innsåg eg at innlegget vert lagt ut over midnatt. Søren, eg som ville ha det ut søndag. Då vart det måndag istaden. Gonatt folks!

