fridagar før eksamen: ofselege tulledagar
tirsdag 5. mai 2009Dei skapar kun mykje fritid der du helst vil ut og finne på alt anna enn å lese til eksamen. Spesielt når du veit at sola skin ute og du ikkje har fått handla deg klede, sko, eller anna forfengelegsreiskap på ei stund, og du vil ut og vere sosial. Eksamen gjer meg usosial. Sit kun inne og sturar. Syt fordi eg ikkje kan finne på noko. Når eg blir sitjande med noko, blir eg sitjande heile dagen. Slik som når eg dreg fram datan. I morgon skal eg byrje eksamenslesinga for fullt. Men no, i kveld skal eg ta ein siste roleg kveld før eg byrjar.
Roleg, og roleg, eg kan skryte på meg at eg klarte å dra meg utav sofaen for å jogge oppi festningsområdet. Eg har innsett kor glad eg er for å bo i dette området av byen. Festninga eit minutt unna, der eg kan jogge, grille, filme, eller berre gå. Også er byen berre ein bakke unna, det same gjeld Gløshaugen. Eg skjønar kvifor det bur så monge studentar her.
Dagens nynorskord for bokmålsfolk: ofseleg = fryktelig.
på gjensyn – Linn

